Kontakt oss:         

 

 

Historia bak Midsund Montessoriskule

 

I august 2009, svært kort tid før skulestart fikk vi endeleg klarsignal fra Kunnskapsdepartementet til å starte privat Montessoriskule i Midsund kommune.

 

Etter at kommunestyret gjorde vedtak om nedlegging av Midøy Skule i mars 2008, har arbeidsgruppa akseptert dette vedtaket. For oss vart det ikkje noko mål å knive med våre politikarar. Alle parti fekk likelydande brev frå oss der vi la fram at vi gjerne ville treffe alle og vise kva fordelar og mulegheiter ein privat skule, med ein alternativ pedagogikk, vil vere for kommunen vår. 

Å møte oss for ein gjennomgang takka mange politikarar ja til. 

 

Gjennom samarbeidet med Vike Friskule fikk vi raskt eit innblikk i kor godt ein Montessoriskule kan fungere. Vi såg barna, lærevillige, men med forskjellige interesser, evner og utviklingsstadium. Vi såg korleis læringa vart tilpassa kvar enkelt og vi merka oss at dei hadde svært stor respekt for kvarandre. Der var roleg og god atmosfære for konsentrasjon og læring.

 

Vi er no eit godt stykke inne i vårt andre skuleår. I år er det 30 elevar ved skulen. Arbeidet går bra og trivselen er god. 

 

Alle timane som vart lagt ned i oppstarten både av bygdefolk, ansatte og arbeidsguppa viser no resultat. Vi har lyse og fine lokaler og god plass både ute og inne.

 

Vi gler oss til det vidare arbeidet og lovar å gjere vårt beste for at barna skal få så god ballast som det er mulig for ein skule å gje! Håpar at vi får gleda av å ha dine barn ved skulen vår.

 

 

 

 

 

Søknadsskjema til skuleåret 2010/2011 »

 

I Midsund kommune so er du no ein av dei heldige som har muligheit til å velje skule for dine barn. Ynskjer du at barna dine skal gå på ein skule som legg stor vekt på individuell læring, fridom under ansvar og respekt for andre? 

 

 

 

 

Kontaktpersonar i arbeidsgruppa

(klikk på navn for å sende mail)

 

Olav Sjøvik 911 91 726
Lillian Blø Rakvåg 911 90 197
Eli Nesje 909 84 946
Karl Arve Rosvik 917 77 107
Nils Stian Rakvåg  982 10 929

 

 

Midsund Montessoriskule AS © KAR 2009 • www.midsundmontessori.no • Sist oppdatert 12. september 2010. Ingen kopiering utan skriftleg avtale.

 

Om oss

 Hjelp meg å hjelpe meg sjølv