Kontakt oss:         

 

Maria Montessori

 

Maria Montessori vart født i Italia i 1870. Ho vart Italias første kvinnelieg lege, men ho vart mest kjent for utviklinga av montessoripedagogikken. Denne pedagogiske modell er i dag kjent i mange land og er stor i land som Nederland, England og USA. I desse landa er det å kunne sende barna sine på ein Montessoriskule oftast noko som er sett på som eksklusivt og forbunde med relativt store kostnader. Slik er det heldigvis ikkje her i Norge, der staten legg opp til at det skal vere minst mulig eigenbetaling.

Har du lyst å lese meir om Maria Montessori og korleis det heile starta, trykk og les vidare her

 

 

Montessoripegagogikk

 

Gjennom observasjon fann ho ut at dersom forholda vart lagt til rette og barna hadde fridom, ville barna utvikle ein sterk og sunn personlegdom. Barns interesse og innlæringsevne varierer med alder og modning.

Pedagogikkens motto er ”Hjelp meg å hjelpe meg sjølv”. I dette ligg det at lærarane skal vere observatørar og rettleiarar. Dei skal legg tilrette slik at barnet sjølv skal bli i stand til å mestre. All unødig hjelp hindrar barnas utvikling og læring.  

Har du lyst til å lese meir om montessoripedagogikken slik den er i dag, trykk og les vidare her

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

”Alt har ei særskilt hensikt.

Alle har ei særskilt oppgåve.

Alle har eit særskilt ansvar.

Alle deler høyrer saman og danner ei heilheit.

Heile verda i fellesskap.

Fred på Jorda.”

                          

                     Maria Montessori

 

 

 

 

Midsund Montessoriskule AS © KAR 2009 •www.midsundmontessori.no • Sist oppdatert 30. desember 2009. Ingen kopiering utan skriftleg avtale.

 

Pedagogikk

 Hjelp meg å hjelpe meg sjølv