|
Reidun Karin Skogvoll Opstad, Lærarassistent
Reidun er kjent i frå sitt gode arbeid i den offentlege skulen si SFO ordning. Ho har hand om SFO også hos oss og er lærarassistent med ansvaret for å lage lunsjmåltidet saman med nokre av barna.
Reidun har utdanning frå fagskule i husstell, og ho er pedagogisk barnepleiar. Ho har mange års praksis frå både barnehage og skule, og har bl.a. vore svært aktiv i positivt arbeid for barn både i fritidsklubb og kulturelle tilstelningar. Reidun har også lenge vore "Barnas representant" i kommunen. Ho har ei unik evne til å sjå barna, og oppnå kontakt og tillit
Reidun har gjennomførte innføringskurs i montessoripedagogikk og eit montessorikurs innan språk, historie og kultur.
Hanne Rakvåg, Lærarassistent
Hanne starta hos oss i august 2010. Ho har starta på almennlærer-utdanning i Volda. Utdanninga vart sett på vent for å ta seg av familie og ungar heime.
Både studia og praksis i frå arbeidslivet har vist at ho har funne sin rette plass og ho ynskjer å fortsette lærarutdanninga og fullføre denne. Hanne gjer ein flott innsats ved skulen vår.
Praktisk arbeidserfaring har Hanne i frå arbeid med funksjonshemma, sjukeheim, barnehage og skule.
Hanne gjennomførte i 2010 eit innføringskurs i montessoripedagogikk og trivst med Montessori sine tankar og arbeidsmetodar.
Frå januar 2012 er ho klar for studiet Montessoripedagogikk ved Høgskulen i Larvik.
Maj Liz Pettersen, Lærarassistent
Med svært allsidig erfaring i ryggsekken og mykje energi til overs, er Maj Liz eit flott bidrag til skulen vår.
Ho trivst ute og likar turar og fysisk aktivitet. Det er derfor heilt naturleg at ho tek seg av slike oppgåver her på skulen. Ho har lærerike uteskuleopplegg, og gjer ein flott innsats for skulehagen vår.
Maj Liz er glad i barn og har funne seg godt til rette ved skulen vår.
Ho gjennomførte innføringskurs i montessoripedagogikk i august 2010.
|