|
SFO, ordninga slik vi tenker
SFO står for skule-fritids-ordning. Kanskje skulle bokstavane heller stått for sosialt-felleskap-omsorg?
Barna er fri frå skulearbeid i sfo-tida. Der skal dei finne ein base der dei kan vere saman med vener, men med ein tilgjengeleg vaksen. I sfo-tida skal der vere rom, tid og utstyr til leik både inne og ute, men barna skal også ha tilgjengelege spel, bøker, data, musikk, ulike byggeleiker, teikne/måleutstyr, formingsmateriell osv. Leikne og kreative barn skal kunne utfalde seg, og i tillegg ha høve til å vere nysgjerrige og utforske. Barna skal kunne vere både aktive, og kunne finne ro. Utviklinga av den sosiale kompetanse står høgt på dagsorden, og det verdifulle samspelet mellom barna skal takast godt vare på, og om nødvendig, rettleiast i. I alt dette skjer det også mykje læring! Den vaksne i sfo skal vere tilgjengeleg og trygg, og sjå til at sfo-tida blir best mogeleg for barna. Den vaksne må arbeide for at alle skal oppleve at dei er like verdfulle!
Åpningstider
Vi styrer i dag etter å lage eit tilbod som er tilpassa det behov foreldra og barna har. Frå skuleåret 2011/12 er opningstider og satsar slik:
Før skulestart kl. 07.00 - 08:45 Etter skulen skuleslutt - 17.00
Prisen for skuleåret 2011/12 er kr. 1.460 pr. månad i 10 månader for full plass dei dagane det er skule.
Drop-inn kr. 30 pr. påbegynt halvtime. Vi kan ha faste avtalar, eller gi beskjed dagen før.
I tillegg har vi tilbod om SFO i haust- og vinterferien, og i sommarvekene utanom fellesferien. Det kostar kr. 250 pr dagg inkludert mat. Dette tilbodet er ope for alle som har behov, også dei som ikkje er elevar ved skulen.
Mogelegheit for buss etter SFO
For dei som ynskjer buss frå SFO, er der følgjande bussar:
Frå Gangstad/skulen kl 16.35 i retning Dryna
Frå Gangstad/skulen kl 16.55 i retning Midsund/Aksla
|