Skuledagen

    Kontakt oss:         

 

 

Skuledagen

 

Vi har ein annan tilnærming til læring enn det den tradisjonelle skulen. Montessori ynskjer å bruke meir praktiske måtar å lære på. Vi gir utvida fridom for elevane til å kunne gjere val og bestemme sjølve etter kvart som dei er i stand til å handtere den fridommen. Dette må skje innanfor ei forståeleg ramme og under ei klar forståing av respekt for andre. Respekt er noko vi arbeider konkret med og vi ser at det går rette vegen. Dette er eit kontinuerleg og langsiktig arbeid og vi er ikkje i mål endå.

 

Sidan måten å lære på er annleis enn tradisjonell skule, er også dags- og timeplanene annleis. Montessori meiner at elevane er best tent med lengre arbeidsøkter. Dette fordi vi meiner at det ofte tek litt tid før eleven finn roa til å lære, men når eleven har sett seg ned for å arbeide med oppgåvene, so vil dei gjerne fortsette utan å bli avbrotne. Då passar det best slik vi legg opp dagen med ei lang arbeidsøkt før lunsj, og ei litt kortare etter lunsj.

 

Montessoripedagogikken er ikkje einsidig opptatt av alder, men og av kor langt barnet har kome i si utvikling. Oppgåvene skal tilpassast til kvart enkelt barn.

 

Timeplanar

 

Klikk her for timeplan >>

 

 

 

Ei arbeidsøkt er ei økt der barna jobbar med dei ulike faga som vi finn i læreplanen. Dei har individuelle arbeidsplaner som dei kan velje seg arbeid ut frå. I enkelte periodar vil vi ha hovudfokus på enkeltfag eller tema. Til innlæring av pensum brukar vi kjøpt  materiell, sjølvlaga materiell, bøker og andre læringsmetodar.

 

Vi har faste fellessamlingar. I tillegg kjem bursdagssamlingar. I fellessamlingane har vi felles informasjon, songar vi syng, ta-med dagar, diverse tema og andre interessante faktaopplysingar og undringsspørsmål.

 

Vi har leksetid og vekeplanhjelp. Dette er arbeidsøkter der elevane arbeider med stoff frå arbeidsplanen sin, og får hjelp og rettleiing for at dei skal nå kompetansemåla i læreplanen.

 

Av og til vil vi også ha ein heil dag til uteskule. Dette er dagar der vi kan reise på lengre utflukter, ekspedisjonar og besøk.

 

 

 

Om kunnskapen

 

"Kunnskapen er det høyeste av alle goder, for ingen kan klare å stjele den, og ingen kan måle dens verdi eller ødelegge den."

 

                               -Hitopadesha

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Kontakt oss på:

 

Telefon 71 27 99 65

Mobil 413 97 499 (Gjerne SMS)

post@midsundmontessori.no

 

Midsund Montessoriskule AS © KAR 2010 •www.midsundmontessori.no • Sist oppdatert 3. november 2011. Ingen kopiering utan skriftleg avtale.

 

 Hjelp meg å hjelpe meg sjølv