Kontakt oss:         

 

Skulemat

 

Frukost seiest av mange å vere dagens viktigaste måltid. Samstundes veit vi at mange slit med å få barna til å ete frokost. Årsakene er mange. Lite tid eller at barna ikkje er svoltne med ein gong dei står opp er eit par eksempel. For å hjelpe på dette startar skuledagen hos oss med at barna får tilbod om å ete medbrakt frokost.

 

Til lunsj lagar vi eit fellesmåltid for elevar og lærarar. Her er det barna som på omgang og i felleskap med ein lærar/assistent lagar til maten og servere den til dei andre. Barna er også med å rydder etter maten. Vi satsar på sunt og variert kosthald og har tema rundt mat slik som til dømes mat frå sjøen. Ein lunsj i veka er varmmat.

 

Frukt måltidet vert også laga av barna. Dei får då i oppgåve å dele opp rett tal med frukt og servere det fint til dei andre elevane. Frukta vil stå framme frå eit gitt tidspunkt så elevene sjølv kan ta frukt når dei har anledning og utan at dei må avbryte arbeidet sitt.

 

Skulepengar er sett til 450 kr. i månaden pr. barn. Dette går til mat, frukt og mjølk. 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

”Barnet vil sjølv gjere,

sjå og lære seg

-med sine eigne sansar og ikkje gjennom ein vaksen sine auge”

 

                        Maria Montessori

 

 

 

Midsund Montessoriskule AS © KAR 2011 •www.midsundmontessori.no • Sist oppdatert 31. mars 2011. Ingen kopiering utan skriftleg avtale.

 

Skulemat

 Hjelp meg å hjelpe meg sjølv